Boknahåve

Tilhører: Bokn kommune Poeng: 10

Vandring-BlueBoknahåve

BoknahaaveStartpunkt: I Føresvik eller ved Bokn kirke
Lengde: 5 km
Høgde: 30 – 60 moh.
Tid: 4 timar t/r
Vanskegrad: Blå

 

 

Denne fine «langturen» på Bokn går frå Føresvik-området til fyrlykta på neset Boknahåve heilt nordvest på Vestre Bokn. Turen startar gjerne frå parkeringsplassen ved kyrkjegarden og følgjer frå starten av vestover på den såkalla Turstien, langs foten av Boknafjellet. Denne delen går på god, grusa kjerreveg. Etter kvart går turvegen over i sti, gjennom variert landskap og terreng, lynghei, småskog, myrområde og over haug og hammar langs små, idylliske vatn. Det er godt merka heile vegen.

Ute på sjølve Boknahåve blir du møtt av fyrlykta på pynten og ei tilårskommen reiskaps- og vaktbu. Her får du flott utsikt over dei trafikkerte skipsleiene  Boknasundet og Karmsundet og det flotte øyriket mellom Karmøy og Bokn.

Dersom du vel å gå mellom Sandvatnet og Buarvatnet på vegen bort, kan du gjerne ta løypa på nordsida av Buarvatnet på veg attende, for variasjonen sin del.